Slovenia

Vi har vore i Slovenia, der gjekk vi tur i eit juv som heiter Vintgar Gorge. Der måtte vi ha på oss hjelm. Der var det bratte fjellsider, bruer, plankestier og et blått og gjennomsiktig vatn. Der såg eg masse fisk. Da fekk eg veldig lyst til å bade, men vatnet er veldig kaldt. Dess klarare vatnet er jo kaldare er vatnet.

Eg har og gått tur i dei slovenske alpane, der har eg bada i  isbrevatn, og der va det veldig kaldt.

Eg har og vore i verdens største grotteslott. Slottet var inni fjellet.

Eg har og våre i  Postojna-grotta, der påstod dei som jobba der at dei kvite salamanderane var babydragar. Dei trudde det fordi, i gamledagar trudde dei på dragar, og at det budde ein drage i grotta. Da dei fant dei kvite salamanderane, trudde dei at det var babyane til dragen.

Eg såg fire stykker. Dei såg sånn ut, sjå bilde.

FAKTA OM BABY DRAGAR

  • dei er kvite

  • dei er 25 – 30 cm lange

  • dei har 4 føtter, på frambeina har dei 4 fingrar og på bakbeina har dei berre 2

  • på halsen har dei gjeller so ser ut som store øyrer

  • dei kan gå uten mat opptil 12 år

  • dei parar seg kun kvart sjuende år

  • dei kan bli 100 år

  • dei sluttar å eldast når dei er 14 år

  • dei kan kun leve i grotta

  • dei er veldig sensitive for lys

  • viss dei mistar kroppsdelar, vekser dei ut igjen

  • dei blir fødd med auger, når dei blir eldre gror det hud utanpå fordi dei trenger ikkje auge når dei berre er i mørke.

No items found.

Personvernfråsegn  Ved å melde deg på samtykker du til at vi sender deg nyheitsbrevet vårt og anna marknadsføringsmateriale, og at vi lagrar og behandlar dine personopplysningar i samsvar med gjeldande personvernlovgiving. Opplysningane vert nytta utelukkande til å sende deg relevant informasjon og tilbod. Du kan når som helst melde deg av ved å klikke på avmeldingslenkja i e-postane eller kontakte oss direkte. For meir informasjon om korleis vi handterer personopplysningar, sjå våre retningslinjer for personvern