Venezia er ei øy i Italia. I Venezia har dei ikkje bilar, men båtar og dei har kanalar istadenfor veiar. Visst du treng ein taxi får du ein båt-taxi som fraktar deg innimellom kanalane.
Første dagen i Venezia såg vi oss rundt og gjekk på Italiensk restaurant. Det var veldig varmt, så vi måtte sette oss på vannhull veldig ofte. Det var også veldig mykje folk.
Andre dagen i Venezia var vi på maskelaging fordi Venetianske masker er ein viktig del av Venezia si historie. Før, i gamle dagar fekk ikkje dei fattige lov til å være med dei rike, og dei rike ikkje være med dei fattige, så på 1200-talet kom dei Venetianske maskene. Når dei tok på seg maskene, kunne dei vere kven som helst og det var ingen som visste kven du var, så visst du var fattig kunne du være med dei rike, og omvendt.
Etter vi var på maskelaging, gjekk vi på restaurant og åt pizza før vi såg oss rundt i byen då det var mørkt. Det var veldig fint og koselig.
Den siste dagen reiste vi på øyhopping ifrå Venezia til Murano til Burano.
Då vi endelig var ferdig med å ta båt frå Venezia til Murano, såg vi oss rundt i Murano og kjøpte glass som er laga i Murano. Så var vi svoltne, så då gjekk vi på restaurant før vi tok båt vidare til Burano (verdas mest fargerike øy). I Burano har alle hus fargar fordi, visst det er tåke skal båtane sjå kor hus og land er.
Etter vi var ferdige med det, tok vi båt bort til Venezia igjen, så tok vi buss tilbake til bobilen.